
Vang kulturskule
Dans, hardingfele, piano, song, gitar, teater med meir! Vil du vere med oss?
Vang kulturskule starta i 1986 som musikkskule med Gunnar Baden som rektor. Etter som åra gjekk vart musikkskulen sitt tilbod utvida med dans, teater, biletkunst og ymse formar for handverk, og namnet vart endra til Vang kulturskule.
Kulturskulen ønskjer å vera eit senter for kulturtilbod for bebuarane i Vang kommune.
Inna musikk ønskjer kulturskulen å ta vare på dei historiske tilknytingar me har i forhold til folkemusikk, samtidig som ein og tek vare på det klassiske og rytmiske uttrykket i musikken. Skulen ønskjer og å serve tilbod som showdance, teater, teikning og foto.
Skulen har som mål å forsyne dirigenttenester til kor og korps i kommunen.
Les meir på kulturskulen sin nettside.