FORENINGSPORTAL Vang i Valdres

BUA Vang

I BUA kan du låne masse utstyr til friluftsliv, leik og idrett - heilt gratis!

Me har mellom anna packrafts, badstutelt, tursko, sekkar, hengekøyer, telt, soveposar, primus, ski, diverse akedoningar, turskøyter, pulk, pilkesett, syklar, sykkelvogn, fiskestenger, diskgolfkorger og andre hageleiker, bålpanne, takke, bilsete og mykje, mykje meir.

Du finn BUA mellom Drengestøga og Vangsheimen. For å låne må du opprette ein profil på nettsida. Alle over 18 år kan opprette profil, og evt legge til ungar som medlånarar slik at dei kan låne på eiga hand. Vi hjelper deg gjerne med å opprette profil når du kjem innom! Her kan du sjå alt utstyret vårt, og registrere låneprofil. 

Utlån: Vi har i hovudsak ope for utlån torsdagar kl 15 til 16

Innlevering: Vi har i hovudsak ope for innlevering tysdagar kl 15 til 16

I tillegg har me utlån etter avtale, kontakt frivilligsentralen. Du kan også reservere utstyr ved å ta kontakt, og me kan legge utstyr til henting i biblioteket.

Hugs at du skal vaske utstyret før du leverer, slik at det er reint og fint til neste lånar. 

Kontakt: 46816473 // frivilligsentralen@vang.kommune.no


Kalender

Dato Kl. Tittel Sted
02.04.2024 15:00 Ordinær opningstid - innlevering BUA Vang
04.04.2024 15:00 Ordinær opningstid - utlån BUA Vang
09.04.2024 15:00 Ordinær opningstid - innlevering BUA Vang
11.04.2024 15:00 Ordinær opningstid - utlån BUA Vang
16.04.2024 15:00 Ordinær opningstid - innlevering BUA Vang
18.04.2024 15:00 Ordinær opningstid - utlån BUA Vang
23.04.2024 15:00 Ordinær opningstid - innlevering BUA Vang
25.04.2024 15:00 Ordinær opningstid - utlån BUA Vang
30.04.2024 15:00 Ordinær opningstid - innlevering BUA Vang
02.05.2024 15:00 Ordinær opningstid - utlån BUA Vang
07.05.2024 15:00 Ordinær opningstid - innlevering BUA Vang
09.05.2024 15:00 Ordinær opningstid - utlån BUA Vang
14.05.2024 15:00 Ordinær opningstid - innlevering BUA Vang
16.05.2024 15:00 Ordinær opningstid - utlån BUA Vang
21.05.2024 15:00 Ordinær opningstid - innlevering BUA Vang

Kontaktinformasjon

 / 46816473

frivilligsentralen@vang.kommune.no

www.bua.no/utlansordninger/bua-vang

www.facebook.com/BUAVangiValdres

Marte Tangen

Besøksadresse

Postadresse

 

Andre opplysninger

Stiftet dato
20.02.2021

Ant. medlemmer
0

Kategori
Idrett, trening og friluftsliv

Område
Grindaheim

Sist oppdatert
12.03.2024

Rediger med kode