
Åsvang 4H
Klubbmøter og ulike aktivitetar gjennom året.
Alle som blir 10 år i Vang inneværande år er velkommen til å væra med i Åsvang 4H. Vi har klubbmøter og ulike aktivitetar ca. 1 gong i mnd. Sporten vår er Volleyball, og du kan reise på leir om du vil det. Overnattingar både ute og inne. Du vel eitt prosjekt som du arbeider med i løpet av året som du viser fram på haustfesten i oktober. Før du fyller 12 år er du aspirant, kvart år du fullfører får du ei nål, og om du er med i 7 år etter fylte 12 år får du 4H-plaketten. Denne er fin å legge ved når du skal søke jobbar. Etter å ha fått plaketten kan ein væra alumnmedlem. Å fullføre eitt år vil seia å ha minst 50% oppmøte og i tillegg ha levert ei godkjent prosjektoppgåve.
Det er medlemmene sjølv som sit i styret og som er med på å bestemme kva dei skal drive med i løpet av året. Det blir utarbeidd ein årsplan som blir bestemt av styre etter årsmøte i november.
Ordinære klubbmøter er på Åsvang samfunnshus utvalde søndagar kl. 16.00-17.30. I tillegg er det aktivitetar med og utan overnatting på andre stader/tidspunkt, sjå Årsplan. Ein kan bli medlem gjennom heile året, berre å ta kontakt. Årsplan og informasjon ligg ute på Facebooksida: Åsvang 4H.
Abonnementsavgift: Hovudmedlem kr. 600,- Søsken kr. 300,- Støttemedlem kr. 500,- (Mogleg det blir ei lita auke i frå 2023)
Alle foreldre må væra med å hjelpe til når det trengs på dei ulike aktivitetane.
Men viktigast av alt, vi leiker og har det moro.
Vi lovar å arbeide mot det mål å bli ein ungdom med
klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse.
Her kan du lese prosjektet integrerande frivilligheit sin presentasjon av laget i Frivillighetens år 2022:
https://www.vangivaldres.no/aktuelt/nyheitsarkiv/volleyball-aktivitetar-og-sjolvvalte-prosjekt-i-4h/