FORENINGSPORTAL Vang i Valdres

Vang bridgelag

Vang bridgelag har spelekveldar på Lund arbeidsbase tysdagar kl. 19.00 - 23.00. Sesong: ca, 1. okt. til 1. mai. Pause i spelinga med kaffe/te og runstykker til ein billig penge. Ingen medlemskontingent, men loddsal som er frivillig. Flakslodd som premie til kveldens vinnarpar.Vi held kurs dersom interesse, ta kontakt med ein i klubben eller besøk oss for berre å sjå. Styret for året 2024: Leiar; Ottar Jægersborg. Kasserar Bergit Nordsveen. Styremedlem Haakon Wahlquist. Styremedlem Ivar Eltun

Bridge er eit kortspel for 4 personar, 2 og 2 spelar på lag. Du kan spele privat, i klubb eller på nett. Det er vanleg å spele med same makker kvar gong. Alle spel blir spelt av alle par i løpet av kvelden, slik kan ein samanlikne resultata og dele ut poeng. Bridge er delt i to delar; meldingar for å kome i best mogleg kontrakt og så sjølve spelet. På ein spelekveld er vi vanlegvis 6-8 par.

Dersom du likar å spele kort, spesielt wist eller amerikanar, er bridge noko for deg.

Du lyt som nybyrjar lære nokre prinsipp og eit enkelt meldesystem. Det å spele eit spel er ikkje vanskeleg, men det å bli ein god spelar tek tid.                                                                             Hugs, heile kroppen treng trening, bridge er godt for "dei små grå".

Interesserte kan møte opp og vere bakspelar for ein kveld eller to. Eit enkelt kurs blir halde for interesserte, det er gratis og du får hjelp av ein røynd spelar ved bordet. Bridge er spanande; spanande å få til gode meldingar, god speleføring eller godt motspel. Det er alltid moro å kome i rett kontrakt og snelle heim dei stikka du treng.

Vi legg vekt på at bridgeklubben også er ein sosial møteplass, og vi tek oss sjølve lite høgtidlege. Det er rom for tabber og ein god latter! Ein bridgekveld krev konsentrasjon, men samstundes avkopling frå alt anna. 


Her kan du lese prosjektet integrerande frivilligheit sin presentasjon av laget i Frivillighetens år 2022:

https://www.vangivaldres.no/aktuelt/nyheitsarkiv/taktikk-og-spenning-med-vang-bridgelag


Kalender

Dato Kl. Tittel Sted
30.04.2024 19:00 Vang Bridgelag Lund Arbeidsbase
30.04.2024 19:00 Vang Bridgelag Lund Arbeidsbase

Fritidsaktiviteter

Kortspill

Kontaktinformasjon

46803100 / +47 046803100

o.jaegersborg@gmail.com

Eigen gruppe på Facebook

Ottar Jægersborg

Besøksadresse
Lund arbeidsbase

Postadresse
Lundsmarka 15
2975 Vang i Valdres

Andre opplysninger

Org.nummer
913439147

Ant. medlemmer
20

Kategori
Musikk, kultur, handtverk og kafè

Område
Grindaheim

Sist oppdatert
13.03.2024

Rediger med kode