FORENINGSPORTAL Vang i Valdres

Vang Arbeiderparti

Arbeiderpartiet sitt lokallag i Vang. For medlemmer i Vang Arbeiderparti. Alle er hjarteleg velkomne som medlemmer.

Arbeiderpartiet vart stifta 21. august i 1887. Hovudmålet og parolen har alltid vore "Alle i arbeid". 

Vang Arbeiderparti vil fremje god lokalpolitikk med bakgrunn i Arbeiderpartiet sine sosialdemokratiske prinsipp. Alle skal bli sett, alle skal med og alle skal ta del i samfunnet. 

Me ynskjer enno fleire medlemmer til å vere med oss i Vang  Arbeiderparti.

Me har medlemsmøte ca. ein gong i månaden. Styret er sett saman av fem personar og to varamedlemmer. Styret i 2022: Vidar Eltun (leiar), Toril Gulbrandsen (nestleiar), Inga Bøe (kasserar), Tor Jørstad (skrivar) og Elisabeth Myhre. (Vara: Unni Sandsengen og Marta Bjørnøy Lalim). 

Vang arbeiderpart arbeider no med nominasjonslista og programmet for kommunestyreperioda 2023-27. 

Vang Arbeiderparti legg FN sine berekraftsmål som grunnlag for all vidare utvikling av kommunen. Vang kommune skal vere ein raus, inkluderande og positivt innstilt kommune. Innbyggjarar og deltidsinnbyggjarar skal føle seg heime i Vang, oppleve gode tenester i alle livets fasar, føle seg trygge, oppleve meistring og ha verdifulle liv.    


Kontaktinformasjon

917 23 502 / 

vidaeltu@bbnett.no

vang.arbeiderpartiet.no

www.facebook.com/profile.php?id=100068881883657

Vidar Eltun

Besøksadresse

Postadresse

 

Andre opplysninger

Org.nummer
925203556

Stiftet dato
31.12.1955

Ant. medlemmer
50

Kategori
Politiske parti

Område
Stedsuavhengig

Sist oppdatert
31.10.2022

Rediger med kode